Velkommen til Stav og Laft AS

Laft og tømrertjenester i Gol, Hallingdal og omegn

Laft

Laft. Tradisjonell handlaft. Lafta med rot/topp. 8’’ laft med god stokkhøgde.

Stavlaft

Stavlaft blir nytta i alt frå anneks og garsjar til hytter og bolighus.

Restaurering

Restaurering/vedlikehald. Alt frå utskifting av stokker i lafteveggen, til totalrenovering av heile bygg.

Tømmerrammer / timberframe

Tømmerrammer for åpne rom og store glasfelt, der grove dimensjonar blir sammenføyd for hand.

Stav og Laft AS - tradisjonell handlaft i Gol og Hallingdal

Snekker om oss

Stav og laft as er ei laftebedrift i Gol, Hallingdal. Produksjonen av laftekasser er lokalisert på eit gardsbruk som heiter Roen. Her er det ein produksjonshall på 300 kvm med traverskran, ein lagerhall på 200 kvm og sagverk for spesialdimensjonar og lengder. Produkta er alt frå anneks, stabbur, fritidsboliger i alle slags former og størrelsar til store bolighus. 

Alle produkta er handlafta med sjølvsagt norsk tømmer. Stavlaft er og eit produkt som blir levert. Stav og laft as leverer tømmerkassa eller står for heile byggeprosessen. Alt etter kundens ynskje. Stav og laft as har spesialfelt tømmerkasser og spesialarbeid i tre av grove dimensjonar. Har bygd spennverksbruer og fleire prosjekt i grovt rundtømmer. 

Daglig leder i Stav og laft har og vore byggeleder i oppføring av Gol Stavkyrkje på Gol. Tømmerrammer er eit produkt som blir meir aktuelt. Bygg som skal ha store glassfasader i gavlen eller store rom er tømmerrammer genialt. Her er bærende hovedsystem synleg i grove dimensjonar med sammenføyningar gjort for hand.

Sentral Godkjenning
Sentral Godkjenning

Sentral godkjenning for ansvarsrett utstedes av Statens bygningstekniske etat.

Sentral Godkjenning

Sentral godkjenning for ansvarsrett utstedes av Statens bygningstekniske etat.

Vi er opptatt av kvalitet, og det skal gjenspeiles i alt arbeidet vi utfører.

Kvifor er det ofte torvtak på laftebygg?

Tunge tak, torvtak eller steintak er nødvendig for at lafte kassa skal sette seg og bli tette og gode veggar.

Stavlaft. Kva er stavlaft?

Stavlaft er kombinasjon av laft og stav. Prinsippet er lafta bånnsviller og lafta toppsviller og bindingsverksvegg i mellom. I veggfeltet i mellom kjem stavuttrykket inn. Her kjem stavane, akkurat som i stavkyrkje er uttrykket stav ståande veggpanel (veggtiler). Enkelte meiner og stav kjem av solide hjørnesøyler i alle bærepunkt.

Stav og laft. Kva står det for?

Stav og laft as. Firmanavnet er henta frå det godt innarbeida uttrykket stav og laft. Stav og laft er og tittel på ei fantastisk god bok om vår gamle trearkitektur. Skreve av Gunnar Bugge og Christian Norberg-Schulz.

Bilder

Kontaktskjema

913 54 004
Rotneimvegen 749, 3550 GOL
Orgnr 930 949 205